GRAVID og ny her på BarniMagen?
Det er gratis å melde seg inn
Velkommen! Registrer deg her
Alle forum på BIM

Terminkalkulator:
Siste mens:

(husk punktum)

Les mer om terminberegning

Bente og vannet som gikk

Hei alle saman,eg tenkte eg ville skrive om min første fødsel som eg opplevde som berre positiv.

Det heile starta natt til 14.april, nærare bestemt kl.0200. Eg og sambuaren min låg og sov, då eg brått vakna av at eg trudde eg dreiv og tissa på meg. Men etter at eg fekk kome meg på toalettet i ein fei og tenkt meg om to gonger, skjønte eg at det var vatnet som var i ferd med å gå. Det var jo berre att tre dagar til terminen, så det burde ikkje vera så overraskande, men forundra var eg likevel. Kanskje hadde eg rekna med at eg skulle verta sjuk på anna vis.

Det neste eg gjorde var å ringe vakthavande jordmor som hadde like langt å køyre for å koma heim til oss som vi hadde å køyre til sjukehuset, så difor fekk eg beskjed om å reise åleine hvis det var ok for oss. Vi hadde fyrst tenkt å ringe etter ambulanse, men sambuaren min ville jo vera med likevel, så vi fekk tillatelse frå fødeavdelinga til å reise i eigen bil, for eg var jo ikkje sjuk. Etter ein del om og men fekk vi reist heimanfrå ca.0230, og var framme på sjukehuset ca.0330.

På sjukehuset vart me møtt av ei hyggeleg jordmor som skulle foreta dei nødvendige undersøkelsane. I papira mine hadde doktoren skrive at det var mistanke om seteleie, noko som eg ikkje hadde noko tru på, då jordmora undersøkte meg nokre dagar før og sa at hovudet hadde festa seg. Men problemstillinga vart undersøkt med same konklusjon som eg sjølv hadde kome fram til, hovudet var der det skulle vera. Etter ei
sparkeprøve og ein del spørsmål, fekk vi omvisning på avdelinga, og så fekk vi tildelt eit overvåkningsrom med kvar vår seng som vi skulle sova i !!!!!!!!!!!!!! Det var ikkje spesielt lett når ein vert så opprømte som vi var då!!!!!!!!!!! Til sluttsovna vi, då eg sist såg på klokka var ho 0600. Eg fekk sove akkurat ein time då eg kjende den fyrste ria kom. Heldigvis tenkte eg ,det startar visst av seg sjølv.

Då klokka var litt over sju, hadde det vore vaktskifte og ei ny jordmor kom inn døra for å helse på (som etter mitt syn var av den fine og overlegne typen, æsj)! Ho kom for å ta ei sparkeprøve. Etterpå fekk vi beskjed om at vi kunne gjerne få reise heimatt ein tur hvis vi ville, noko eg synest høyrdest heilt vilt ut! Men vi tok oss ein tur rundt i byen, men det var jo ikkje så mykje sjå på, det var jo tross alt ein sundag. Etterkvart reiste vi attende til sjukehuset for så å bli der resten av tida. Riene kom og gjekk utover dagen utan at det var spesielt vondt. Då klokka var ca.1300 gjekk vi for å eta middag, noko som gjekk greitt nok, men vi sat ikkje lengre enn vi måtte, for det var ikkje spesielt komfortabelt. No var det nok ca.fem min. mellom riene som berre vart verre og verre. Åpningen har eg ingen peiling på kva var, fordi dei ville ikkje undersøkja på det viset så tidleg fordi at vatnet hadde gått.

Då klokka nærma seg tre kom jordmora inn for å høyra korleis det gjekk med meg . "Det byrjar å bli temmeleg vondt no", sa eg. "Ja, men det er slik det vert barn av ", sa ho. Ho var nok ikkje klar over kor vondt eg hadde det no, for det begynte å verta litt "jævlig". Eg kunne vel prøve å sitje i badekaret litt, men fyrst måtte vi vente til fødselen var ordentleg i gang så han ikkje stoppa opp meinte ho. No var klokka vorte tre og vaktskifte på avdelinga. Etter ei lita stund kom ei anna jordmor inn gjennom døra akkurat i det eg stod tvikrokete over senga og syntest synd om meg sjølv. Og reaksjonen lot ikkje vente på seg då ho såg meg. "Skal vi prøve badekaret kanskje", utbraut ho. Deilig at nokon tok ein på alvor og trudde meg når eg sa at eg hadde temmeleg vondt. Deilig var det å koma oppi badekaret og, for no byrja det verkeleg å dra på. Etter å ha vore i badekaret ein ti minutts tid, spurde eg om å få prøve lystgas, noko som gjekk heller dårleg. Eg trudde eg skulle besvimt då eg tok eit ordentleg andedrag, men det gjekk heldigvis bra. Det var den hjelpa. Eg hugsar eg sa til sambuaren min at dette trur eg går fort for no byrjar det å bli rett "jævlig". Det var jo veldig til trøst å få til svar at det vert nok berre verre og verre! Mannfolk!

Etter å ha vore i badekaret ein times tid byrja det å verta kaldt vatn så eg tappa ut litt vatn så eg kunne få lunka litt på det. Då kjem jordmora inn og foreslår at vi skal undersøkja meg for å sjå kor stor opningen er, då var klokka ca.1630. Jordmora undersøkte meg og sa litt forskrekka:"Du føder jo snart du jente"! Då var opningen åtte cm, og det vart nærast litt kaotisk stemning. Inn kom ein barnepleier som byrja å hyre til alt det utstyret som trengtes. Eg vart no godt plassert i ei seng med magebelte for måling av puls og rier, noko som viste seg å fungere dårleg. Belte berre sklei vekk, så dei beslutta å setje elektrode på hovudet til babyen. Mens alle skyssa på, var eg no mest i mi eiga verd, eg høyrde berre stemmene summa i bakgrunn. Jordmora spurde om eg ville ha sterilt vannnspapler, noko eg takka ja til, det virka ein liten augneblink, men så føltes det like grusomt. Eg fekk og akupunkturnåler i øyre og i tåa, men virkningen syntes å vente på seg, ingenting hjalp no. No var klokka vorte ca.1820. I tåka registrerde eg at stemningen byrja å bli litt dramatisk fordi pulsen på babyen byrja å bli dårleg. Då eg endeleg kjende at "trykketrangen" melde seg, og eg byrja å trykke, sank pulsslaga meir og meir, med det resultat at jordmor laga eit snitt i mellomkjøtet for å få babyen fortare ut. På neste pressri kom eit hovud ut og eg høyrde eit skrik, det finaste i verden. Så kom resten ut saman med vatn og blod. Brått var all smerte borte, og godt var det, for på slutten var eg ikkje mykje "høg" i hatten. Eg var så letta over at smerta var borte at det var ikkje i mine tankar å spørja om det vart gut eller jente, eller om alt var bra. Det var ikkje rart at pulsslaga byrja å bli få på slutten, for navlestrengen var rundt halsen, så det var nok godt at babyen kom då han gjorde. Eg kan hugse jordmora sa til sambuaren min at, du må vel fortelje kva det vart, for det ser du vel? Og gjett kva det vart! Ein velskapt liten gut som vog 3870gr, og var 52 cm lang.

Klokka vart altså 1841 før gullklumpen kom, nesten nøyaktig tolv timar etter at fyrste ria melde seg. Det var ikkje spesielt avskrekkande spør du meg. Eg gjer det gjerne igjen for å få oppleva det største i verden.
Helsing Bente.


(Fyll inn mottakers e-post adresse og klikk send. Du kommer tilbake til denne siden etterpå)


------- Annonser -------