GRAVID og ny her på BarniMagen?
Det er gratis å melde seg inn
Velkommen! Registrer deg her
Alle forum på BIM

Terminkalkulator:
Siste mens:

(husk punktum)

Les mer om terminberegning

Alle forum på BIM

5.plass: Eg hadde ikkje så mykje kjennskap til internett

Då eg blei gravid første gongen, for 5 år sidan, hadde eg ikkje så mykje
kjennskap til internett. Men då fekk eg plutselig eit veldig stort behov for
å få greie på mest mulig om graviditet og fødsel. Ei av dei første sidene eg
fann alt dette på var BarniMagen, tusen takk for det!

Her brukte eg mykje
tid på å lese om barnets utvikling både i og utanfor magen (på DinBaby), eg
las alt eg kom over sånn at kunne vere forberedt på det meste. I
svangerskapet flytta eg til han som no er mannen min, her fekk eg lagt inn
internett og har sidan då vore innom desse sidene fleire gonger (i veka).
Sidan eg blei gravid første gongen har BarniMagen og DinBaby fulgt meg
gjennom 2 graviditeter og livet med småbarn i hus- og eg kjem til å forsette
å vere her sidan eg no snart ønsker meg ein ny liten spire. Eg har lært
mykje gjennom alle informasjonssidene og forum der eg treff likesinnede. Det
er også fint å kunne få dele mine eigne erfaringer med dei som treng det.

No er eg også blitt medlem i Gullsmokken, og gleder meg til å vere med å sjå
på at dette tilbudet utvikler seg.

Takk for tips, råd og informasjon som eg har fått dei siste åra- dei har
vore til god hjelp og gitt meg trygghet når eg har vore usikker på ting.
Gratulere med dagen!!!

mvh
Linda



------- Annonser -------