Her kan du som har termin i juli utveksle erfaringer og stille spørsmål til dem som har termin i den samme måneden som deg. Denne klubben vil bli flyttet over til DinBaby om ni måneder, slik at dere da kan fortsette med den samme gjengen og prate videre om dere har lyst.
Ikkje så mange inne her no, nei...(forholdsvis kort historie)
12:40 28.08.2007
Logga inn og såg at eg var registrert med 4 veker overtid eller noko sånt...
Må få gratulera alle som har fått baby - satsar på ungane er ute no, ja.
Baronesso vår kom 5.august. Hadde gått med modningsrier i ei veka og to, natt til laurdag 4. hadde eg 5 min mellom kvar i to-tre timar, så stoppa det.
Sundag morgon starta det att. i 5-halv 6-tida. Ringte jordmor 8.15. 2-3 cm opning. Vi reiste i bil kl 9, via båttur ilag med jordmora (takk og pris for roleg sjø...) og framme på sjukehuset kl 10. 3 cm... Dette kom sikkert til å ta lengre tid enn med førstemann. Trudde eg. Låg ei stund med det apparatet rundt magen, og inn på fødestova rundt 11. Greie rier, men så sa jordmor at eg måtte pusta djupt inn, i staden for å pusta kort... då kjende eg babyen sank nedover... Valde å gå i badekar etterkvart - det var fantastisk lindring. Kan tenka meg at eg sat der i ein time (men når eg tenker etter, så vart ikkje vatnet noko kaldt, så det var nok litt kortare ja...).
Fann ut at eg måtte koma meg opp, for no var det veldig kort mellom riene. Klarte å koma meg opp og i seng før neste ri kom. Pressri, merka at vatnet hadde vore lindrande, for denne var kraftig! Eg fekk lystgass - men rakk ikkje å få den til å virka anna enn at eg konsentrerte meg om å pusta betre (maska kom ikkje skikkeleg på)... Det var altså ei ri der vatnet gjekk, og neste kom babyen ut. Ut av badekar ca 1250, babyen fødd 1256. Ho var 3560g, 52cm. Deilig å få den heilt nye, nakne vetle babyen opp til seg - ingenting kan slå den følelsen.
Den danske vikarjordmora var heilt fantastisk, og alle dei andre på føden på Stord var veldig behagelige.
I og med mange allereie veit kva kjønn ungen har, så fekk vi vita det 5 min etterpå... Eg hadde gått usikker den siste mnd, så då vi fekk vita det var ei jenta, så svevde vi på skyer - har ein gut på 5 frå før, kjekt å ha ein av kvar. Han kom på besøk same dag - og ville ikkje reisa frå oss... Det var tungt.
Kva namn ho skal få? Det vert oppattkalling, ikkje noko listetopp her. Foreløpig baronessa.