Hmm, er vel litt i same situasjon som deg. Så drive no å utformar ei innkjøpsliste. (får haust/vinterbaby).
Ting vi arvar/kjøper billeg av slekt:
-Sprinkelseng m/dyne og madrass (muleg vi kjøper ny dyne, har ikkje sett på kva stand den er i endå)
-Bilstol
-Leikegrind
-Div. barnekle (nokre sparkebukser, finkle og nokre huer).
-Lammeskinnspose
Det eg har funne ut at vi trenge er:
-sånn kant ting med motiv som ein heng rundt inne i sprinkelsenga (treng hjelp til namn på dette, slik at vi kan finne det på nett)
sengesett
-Vippestol (det var ein ting søstra mi sakna då ho hadde liten unge, og eit vennepar av ho som nyleg har fått unge var utruleg fornøgd med sin)
-Vogn (om vi ikkje tek over søstra mi sin)
-stellepute
-vaskeklutar (mange!)
-hankle (greit at ungen har 2-3stk som er "sine")
-gulpeklutar (mange!)
-sånn lampe til å sette rett i stikkontakt (min.1stk)
-lampe på batteri som er forma som ei leike (1stk)
-smokk for små ungar (1-2stk)
-bleier (tenker tøybleier m/tilbehør, antal litt uvisst endå)
-stelleveske
-bæreanretning
-badebalje m/propp
-pysjar (min.2stk)
-bodyar (min.5-6stk)
-huer tynne (har vel ca4stk)
-hue vindtett (min.2stk)
-Strømpebukser (min.4stk)
-jakker-gensarar (4stk)
-sokkar (6par)
-vottar (5par)
-utedress(min.1stk)
...hmmm...meinar det var meir, men kjem ikkje på det i farten.
Har ikkje tenkt å ha dyne i vogna, sidan vi har lammeskinnspose, blir heller ein litt tjukt teppe oppå, om det skulle vere veldig kaldt. (skulle det bli krise, så har søstra mi ei vogndyne liggande i nærheita).
Blir nok og litt handling etter kvart, sidan ungen veks, men greit å ha "basisgarderobe" om ein ikkje har alt. Godt muleg vi ikkje handlar inn alt som eg har skreve ned her, før ungen kjem. |