Ja, det ser ut til at vi er ein god gjeng som ventar i sommar - eg har termin 28./30. juli. Det er nok ein del som ikkje er inne på bim som òg ventar, så det skal verta spennande!
Eg reknar med å gå over tida, gjekk ei veka over sist gong. Så vi stressar ikkje. Det vi stressar med, er å mala/tapetsera barnerom, flytta ein del ting, kasta litt, ja sånne kjekke ting som ein skal stressa med mot slutten av ventetida. Det vert artig. Har jo vore ein del i hagen og arbeidd i det siste, så vi har ikkje akkurat lege på latsida sjølv med bekkenproblem..
Familierom hadde vore veldig bra - litt vanskeleg for mannen min å reisa tilbake fyrste kvelden - ferjo går jo ikkje lenger frå Leirvik, men må heilt til Skjersholmane. Uting spør du meg! Fyrstemann var fødd om kvelden, og dersom det skjer att, er det dumt viss pappen må bu på hotell... |