Når vi bur så langt vekke at vi må ta båt/ferja for å koma fram... Er det rett å halda dei besøkstidene? Kor strikse er dei på det, og får ein evt dekka reiseutgiftene fram og tilbake dei få dagane det gjeld? Det går jo ikkje så ofte båt og ferja...
Eg var sjølv på besøk med son min, til svigerinna og bror min. Trur vi kom og gjekk når det passa dei, så lenge det ikkje forstyrra andre. Måtte reisa til Stord med div ting, henta husnøkkel, så til Bergen og henta klede og sånt + ei bestemor og så tilbake til Stord igjen. Babyen deira kom litt tidlegare enn venta. Men det var litt spesielt trur eg.
|